EDL.ECML.AT/JOKEBOOK

Den store fleirspråklege vitseboka (eller «Få meg til å le!»)

Kor mange språk kan du få nokon til å le på? Kva som får nokon til å le, kjem mellom anna an på kulturbakgrunnen og språket eller språka dei snakkar, trur vi gjerne. For å prøve ut om dette stemmer, ikkje minst i ei tid då det ikkje har vore så mykje å le av, inviterer vi deg til å sende oss dei beste vitsane dine. Vitsane kan vere på ditt/dine eig(n)e språk eller eit språk du held på å lære. Det viktigaste er at dei er morosame! Dei kan sjølvsagt vere språkrelaterte eller fleksible så dei kan tilpassast ulike språk, men hovudkriteriet er at dei må vere morosame!

Send inn favorittvitsen din! Dersom vitsen din kjem gjennom nålauget hos ein kjempestreng jury (samansett av personar som ikkje har lett for å le!), kan han komme med i «tidenes beste (kanskje einaste!) fleirspråklege vitsebok», som kjem ut etter EDL.

 Initiativ 
Den store fleirspråklege vitseboka (eller «Få meg til å le!»)

Kor mange språk kan du få nokon til å le på? Send inn favorittvitsen din! Dersom vitsen din kjem gjennom nålauget hos ein kjempestreng jury (samansett av personar som ikkje har lett for å le!), kan han komme med i «tidenes beste (kanskje einaste!) fleirspråklege vitsebok», som kjem ut etter EDL.

Sjå sida

Slik fungerer det

  1. Vitsane kan vere språkrelaterte eller lette å tilpasse til ulike språk, eller rett og slett morosame for alle – same kvar dei kjem frå, same kva språk dei snakkar! 
  2. Rasistiske, nasjonalistiske eller grove vitsar blir ikkje publiserte.

Lykke til!

Send vitsen din her