Som internasjonal agent skal du besøkje nye stader og framande land. Ein god agent må vere trygg på eigne ferdigheiter for å unngå å avsløre seg! Derfor må du kunne snakke framandspråk mest mogleg flytande.
Språkutfordringane har for det meste form av autentiske, kvardagslege kommunikasjonsoppgåver som agentar må vere førebudde på.
Forsking har vist at somme som skal lære framandspråk, er skeptiske til å ta risiko og ikkje alltid grip sjansen til å praktisere språket utanfor klasserommet.
Reell kommunikasjon på framandspråk er ikkje stressfritt, særleg når du er på oppdrag. Kanskje gjer du feil, blir misforstått, misforstår andre eller må endre identiteten din eller måten du bruker språk på.
Denne appen vil gjere deg klar for å takle slike situasjonar.