Vi kan berre gi deg korte glimt av nokre av språka i Europa. Det finst mange, mange fleire som vi ikkje nemner; ikkje fordi dei er mindre viktige eller mindre interessante, men ganske enkelt fordi vi ikkje rekk over alle på denne korte rundturen.
Det finst regionale språk og minoritetsspråk som berre blir snakka i ein del av eit land, eller i enkelte område i fleire land, og av ein nokså liten del av befolkninga. Så har vi dei ikkje-territoriale språka som blir snakka av grupper som er spreidde over heile Europa, men som ikkje kan knytast til eit bestemt opphavsland. Det finst òg migrasjonsspråk som ikkje opphavleg høyrer heime i Europa, men som innvandrarar frå andre delar av verda har teke med seg til kontinentet.
På kvar språkside får du ei kort innleiing frå Lara og blir kjend med nokre nøkkelord, standarduttrykk og spesialteikn frå alfabetet. Du får òg vite omtrent kor mange menneske i verda som har språket som morsmål.
Vi håper du kosar deg saman med guiden vår, Lara, på reisa hennar gjennom nokre av språka i Europa. Kanskje får det deg til å leggje ut på ei liknande oppdagingsferd? Du kan få mange aha-opplevingar etter kvart som du oppdagar nokre av skattane som ligg gøymde under overflata i kvardagen vår!